Det vert DANS i kulturhuset med ESC ungdomskompani. Gå ikkje glipp av "OFFBEAT"

Laurdag 08.november kjem ESC Ungdomskompani til Voss!
Rytme, puls, masse energi er nokre stikkord.

"OFFBEAT"-Dansarane glir inn og ut av rytmen. Dei lar seg rive med, berre for å bryte fri igjen – og publikum vert dregne inn i ei levande, uforutsigbar rørsleforteljing. På scena speler perkusjonisten live, og scenografien responderer – ho speler med, svarar og utfordrar. Pulsen er rå og umogleg å ignorere. Kroppen svarar automatisk: eit nikk, ein fot som trampar, eit smil som bryt fram.

Billett via Voss kulturhus ☺️

Foto: Thor Brødreskift

ESC UNGDOMSKOMPANI FOR SAMTIDSDANS blir driven av Bergen Dansesenter og er eit tilbod til unge mellom 14–19 år i Vestland fylke med talent og interesse for samtidsdans. ESC ønskjer å gjere seg gjeldande som ein interessant nasjonal og internasjonal aktør gjennom å tilby ei viktig infrastruktur for nyskapande danseproduksjonar. ESC har som mål å gi unge talent eit springbrett til framtidig karriere som samtidsdansarar og å skape arbeidsmoglegheiter for frilanskoreografar.

Publisert
21. oktober 2025
Skrevet av